I årsmøtetalen understreket styreleder Tore Roaldsnes at utfordringene med høye tollsatser på foredla produkt må løses dersom myndighetenes ambisjoner om økt foredling i Norge skal være mulig å nå.
Årsmøte, ordførar, gjestar.
Velkomne til årsmøte i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og spesielt vil eg ønske statsekretær Vidar Ulriksen frå NFD velkomen.
2022 vart eit svært godt år for Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag med rekord når det gjeld omsetning som enda på 3,325 milliardar kroner og kr. 9,7 mill i årsoverskot før skatt. Dette på tross av kvotenedgang av viktige fiskeslag, etterdønning av Covid epidemien og ein brutal angrepskrig sentralt i Europa med energikrise og generell prisauke.
Vi kan konkludere med at sjømatnæringa har klart seg særdeles godt gjennom eit krevjande år der ei svekka norsk krone har vore til god hjelp.
Eg vil takke administrasjonen og styret i Surofi for stor innsats gjennom eit turbulent år.
Sjølv om kvote på dei viktigaste fiskeartane gjekk litt ned så er det grunn til å nemne artar som lange og brosme fekk ei hyggeleg auke av kvantum på 3900 tonn som følge av at vi fekk fiskeriavtale med UK tidleg på året. Prisane på lange og brosme steig med 66% og 53% i fjor.
I tillegg så fekk vi eit rekefiske ved aust Grønnland for første gong på 12 år. Dette fisket har tradisjonelt vore viktig for den lokale rekeflåten og det er hyggeleg at det også i år er to fartøy som no fisker i dette krevjande farvatnet.
Ei anna gledeleg utvikling i 2022 er auken i omsetninga av restråstoff med 49% i kvantum og 54% i verdi. Dette viser at flåten raskt klarer å utnytte nye marknadar som opnar seg og dette er ei særs gledeleg og viktig utvikling. Det er på dette viset at verdiane og aktiviteten frå villfanga fisk kan auke sjølv på reduserte eller stabile ressursar. Omsetning av hoder frå blåkveite og snabeluer utgjer den største delen av restråstoffet i verdi. Styret har som følgje av denne positive utviklinga vald å ta dette opp i eiga sak på dette årsmøtet seinare i dag.
I den digitale årsmeldinga vår for 2022 er det eit interessant intervju med adm. dir. Gunnar Haagensen i Jangaard og nyvald styreleiar i Sjømat Norge. Gunnar representerer den sterke klippfiskindustrien som har sitt hovudsete i vårt distrikt og som representerer vidareforedling av torsk, sei, lange og brosme til langtidslagra tradisjonsmat på lik linje med produksjon av skinke og ost i Spania og Italia.
Også denne marknaden er i endring og konsumentane etterspør i aukande grad produkt som er meir tilpassa konsumentane. Det blir stadig færre som kjøper heil klippfisk og skinke, men stadig fleire kjøper mindre konsumentpakka produkt som krev mindre førebuing og er klare til bruk. Det er også ein klar tendens i marknaden til at produkt som er lett-salta av ferskfisk eller fryst fisk vinn framfor den heile klippfisken.
Surofi er opptekne av at den viktige klippfiskindustrien utviklar seg i takt med marknaden og at den også i framtida vil vere den sterkaste foredlingsindustrien av sjømat i Norge gjennom produktinnovasjon og marknadsføring.
Det særs høge kostnadsnivået i Norge og toll satsar på 20 % for vidareforedla konsumentklare produkt gjer det i praksis umogleg å utvikle denne næringa i Norge same kor vi gjerne skulle ønske ei slik utvikling. Sterke interesser både i regjering og i næringsorganisjasjonar foreslår å bruke fiskekvotar til å fremme ei slik utvikling, men verknaden vil vere den same som å piske ein død hest dersom ikkje vi får løyst utfordringa med høge tollsatsar på videreforedla produkt i dei sentrale marknadane.
Norsk sjømatnæring vil vere dømd til å fortsette å levere ubearbeida sjømat til Europa, Asia og øvrige marknadar slik vi for så vidt lever godt av i dag. Ansvaret for å endre dette ligg på regjering og Storting, men det er lite truleg at dagens regjering ønsker å gjere dei nødvendige prioriteringane som må til for å snu denne utviklinga.
Surofi har saman med Norges Råfisklag og Vest-Norges Fiskesalslag innført ei ordning der minst 50% av kvotene av torsk og sei må seljast på auksjon for å sikre at mest mogleg råstoff blir gjort tilgjengeleg for kjøparane. Denne omlegginga har etter dei fleste sin vurdering vore vellukka.
Som følgje av den felles omlegginga av reglane i salslaga er delen som blir omsett på auksjon auka frå 47% i 2021 til 63% i 2022 i vårt lag. For torsk gjekk auksjonsdelen opp frå 55% til 70% og for sei frå 59 til 73%
Denne omlegginga vart gjennomført for å møte kravet frå fiskeindustrien for å få betre tilgang på råstoff gjennom auksjon i salslaga og snu ein trend der stadig meir av fisken vart omsett på kontrakt eller gjennom eigenovertaking av fangsten.
Denne omlegginga ser ut for å ha fungert etter intensjonen så langt, og endringa skal evaluerast gjennom eit prosjekt finansiert av FHF i løpet av første halvår i år og vi får forhåpentlegvis få eit lite innblikk i forskarane sitt arbeid seinare i dag.
Før årsmøtet i fjor tok administrasjonen og styret eit litt uvanleg grep for å raskt endre samansetninga av styret. Forslaget gjekk ut på å foreslå ei vedtekstendring på siste årsmøtet der vi oppfordra eigarorganisasjonane våre om at begge kjønn vart representert i styret. Dette arbeidet vart gjort i godt samarbeid med eigarorganisasjonane våre.
Dette arbeidet førte til at styret i Surofi i dag består av tre kvinner og fire menn. Styret har dermed meir enn 40% representasjon frå kvart kjønn. Som styreleiar er eg svært glad for at vi fekk til dette i fjor og slår fast at den samla kompetansen i styret ikkje er dårlegare no enn tidlegare. Vi kan slå fast at det er fult mogleg å ha ei tidstilpassa samansetning av styret i ein fiskeri-organisasjon og eg ser fram til at våre søsterorganisasjonar i næringa får gjennomført tilsvarande endring då dette er heilt nødvendig for å oppretthalde vår legitimitet i det norske samfunnet.
På tross av gode økonomiske tal i rekneskapen til Surofi har styret ikkje foreslått endringar i lagsavgifta for årsmøtet. Under messa i førre veke i Barcelona fekk vi imidlertid informasjon om at Norges Råfisklag vil legge fram forslag om å redusere sine lagsavgifter på årsmøtet om ei veke. På grunn av denne utviklinga vil styret be årsmøtet om fullmakt til å redusere lagsavgiftene innanfor ei forsvarleg økonomisk ramme men som tar omsyn til konkurransesituasjonen mellom Surofi og Norges Råfisklag.
Som nemnt har Surofi eit godt samarbeid med dei øvrige salslaga gjennom samarbeidsorganet Norsk Villfisk. Administrerande direktør Sveinung Flem har vore styreleiar for Norsk Villfisk gjennom mange år og gjort ein særs god jobb for å utvikle dette samarbeidet. Det blir stadig viktig are å utvikle salslaga og hegne om våre økonomiske interesser i forhold til omsetninga av fisk i første hand.
På vegne av styret og administrasjonen vil eg takke for det gode samarbeidet med dei øvrige salslaga, næringsorganisasjonane, politikarane og den offentlege fiskeriforvaltninga.
Til sist takkar eg fiskarane våre for innsatsen med å bringe i land sunn og berekraftig mat av stadig høgare kvalitet frå havet.
02.05.2023
Tore Roaldsnes
Styreleiar
Gå til siden for dynamiske minstepriser for en full oversikt over gjeldende dynamiske minstepriser.
Åpne vedlagt PDF i link under for å lese hele saken.