Innlegget mitt i fjor bar bod om avventande og moderate forventningar til 2024. Som sjølverklært pessimist er dette truleg det mest optimistiske som kan setjast påtrykk frå meg. Og det enda med kjempebom. Trass i store kvotekutt kom Surofi ut med ein ny solid omsetningsrekord med auke både i kvantum og pris. Dei tre åra etter pandemien har vore dei beste i Surofi si historie målt i omsetning. Solid etterspørsel og svak krone er viktig for å forklare framgangen. Fiskarane bør også sende varme tankar til aktørane på land, som er i verdsklasse i produksjon og eksport av sjømaten vår, slik eksportstatistikken frå Norges Sjømatråd viser.
Starten i 2025 har også vore rekordprega, sjølvsagt langt over mine forventningar! Så langt (1. kvartal) med både høgare kvantum og ikkje minst langt høgare prisar enn i fjor. Men det er også no gode grunnar til å gi pessimismen ein ny sjanse. I skrivande stund har det nye tollregimet til den amerikanske presidenten blitt kjent og det lovar slett ikkje bra. Eit endå viktigare spørsmål er korleis reaksjonen blir i EU, som er vår klart største sjømatmarknad. Mellom anna, er vi innanfor eller utanfor tollunionen om EU innfører tollmur på sin import?
Kvotesituasjonen gir god grunn til bekymring. Torskekvoten er på sitt lavaste nivå sidan 1991 og vi må tilbake til 2006 for å finne tilsvarande lave hysekvote. Frå 2021 til 2024 har kvitfiskflåten i Norge «mista» 180 000 tonn årleg fangst, og mest på den verdifulle torsken. Det gir grunn til å stille spørsmål om forvaltninga av dei viktige bestandane har vore god nok eller om det er andre faktorar utanfor vår kontroll som er årsak til svikten? Prisar og valuta har redda inntektene, men kan det vare i ei uroleg verd med store geopolitiske utfordringer og handelskrig? Tida får vise!
Det siste året har vi også brukt til å følgje opp lovendring om kjønnssamansetning i styret og også kvotemeldinga som vart vedtatt i fjor vår. På årsmøtet i 2024 vart vedtektene endra i samsvar med dei nye krava i samvirkelova. Ved valet fekk styret ei samansetning med tre av kvart kjønn. Det er positivt at styrande organ i salgslaget speglar den likestillinga som pregar samfunnet rundt oss. Det gir styret nye impulsar og kunnskap.
Styret i Surofi har gjennom året fulgt oppmodinga frå Stortinget om å gjere styret meir representativt slik at det speglar heile verdikjeda. Planen er at årsmøtet i år endrar vedtektene og at styret dermed blir utvida med nye eksterne medlemmer. For meg framstår dette som ei rett utvikling, sjølv om eg meinar at styret i Surofi i heile mi tid har hatt eit godt perspektiv utover flåten sine interesser. Surofi har heller ikkje i dag vedtekter som avgrenser styremedlemskap til medlemmer av salslaget eller eigarorganisasjoner.
Starten i 2025 har også vore rekordprega, sjølvsagt langt over mine forventningar! Så langt (1. kvartal) med både høgare kvantum og ikkje minst langt høgare prisar enn i fjor. Men det er også no gode grunnar til å gi pessimismen ein ny sjanse.
Auksjonsplikta, som salslaga innførte fra 2022 på torsk og sei, var også tema i kvotemeldinga. Stortinget oppmoda salgslaga til å auke tilbodsplikta utover 50 % (som den har vore fram til no). Nofima har evaluert ordninga og påpeika fleire negative faktorar i sjølve regelverket, som har medført at gjennomførte salg i auksjonen er klart lavere enn det som blir tilbode gjennom auksjonen. Salslaga har idenne omgang valgt å fokusere på forbetringar som fører til at fleire auksjoner fører til salg. Det er for tidleg å konkludere om endringane har vore vellukka, men erfaringane så langt tyder på det. Så får tida vise om tilbodsplikta også bør auke, sjølv om tilbodet i Surofi både tidlegare og i år ligg på langt over 50 %.
Eg meiner at auksjonsplikta er viktig for å sikre at den knappe ressursen som villfanga fisk er, blir seld i ein open marknad der kjøparane gjennom eit effektivt auksjonssystem kan konkurrere fritt om fisken.
Om kort tid takkar eg for meg etter 20 år som dagleg leiar i Surofi. Det har vore ei glede med høve til fantastisk utsikt og innsikt over næringa både til sjøs og til lands. Masse kunnskapsrike, driftige og ikkje minst rause folk, med beina godt planta på jorda. Samarbeidet med forvaltninga og det fiskeripolitiske miljø har også vore viktig og positivt.
For meg har styrking av Surofi sitt økonomiske fundament, modernisering av markedsplassen og styrking av ressurskontrollen vore dei sentrale områda å fokusere på. Salgslaga er ein stor datasentral, og effektivisering og auka sørvis gjennom digitalisering har derfor vore svært viktige prosesser. Dette har krevd mykje ressursar, både i tid og pengar gjennom åra.
Det er sansynleg, men ikkje sikkert at salslaga eksisterer 20 år til. Om dei gjer det, må det kvile på eit rasjonelt fundament. Salslaga må vere relevante i tida!
Lukke til vidare!
Sveinung Flem