Vi kan glede oss over at 2023 vart eit godt år for kvitfisknæringa og for Surofi, likevel klart meir utfordrande markedsmessig enn 2022. Vidare fall særleg i torskekvoten kastar mørke skygger over tida framover. I tillegg tyder mykje på at vi har henta ut det som er mogleg på pris (delvis ved hjelpe av ei svak krone). Det er grunn til å kalle forventningane framover for moderate eller avventande til både etterspørsel og prisar. Men det svinger fort, i begge retningar!
Mest av alt har kanskje fiskeripolitikken prega overgangen til 2024 med framlegget til kvotemelding i januar. For ei næring som lever med mange andre risikofaktorar kvar dag er det ein debatt med mykje alvor og potensielt store langsiktige konsekvenser.
Bosetting forutset levebrød for folk, altså arbeid og inntekt. Dette kan berre skje om det fins lønsame bedrifter. Mine foreldre var siste generasjon fiskarbønder på Flemsøya. Der var det tett mellom fiskebåtane, nokre i stål, dei fleste i tre, omtrent 70 fot lange og med begrensa rekkevidde for å drive fiske. Lenge før almenningen vart stengt og arbeidet med å strukturere den norske fiskeflåten starta, var denne flåten avvikla og både fiskarane og den oppveksande generasjonen hadde funne seg anna arbeid som ga eit betre levebrød. Aldri har så mange fiskebåtar og fiskarar gått ut av næringa i Norge som i perioden 1940–1970, ein periode lenge før dagens fiskeripolitikk blei forma.
Det var aldri eit politisk ønskje at fiskerinæringa skulle bli ei varig subisidienæring. Støtteavtalen var berre planlagt som eit 5-års prosjekt på 60-talet. Først i 1993 vart den avvikla. Det har vore brei støtte til den fiskeripolitikken som har forma den lønsame, moderne og effektive næringa slik vi kjenner den i dag.
Politikken er tufta på ei heilt naudsynt strukturering med større fangst på kvart fartøy og fiskar og dermed færre av begge. Norges Fiskarlag har meisla ut avgjerande kompromiss om kvotefordeling mellom flåtegrupper. Regjeringer med vekslande farge har gitt si tilslutning og forma desse kompromissa til politikk.
Og resultatet: Verdien av fangsten til norske fiskefartøy er tredobla sidan årtusenskiftet! Flåten er modernisert og framleis mangfoldig med både store og svært mange små fartøy. Næringa gir store ringvirkninger i leverandørindustrien. Talet på fartøy og fiskarar er stort sett uendra etter 2010. Det er livskraftige fiskerisamfunn langs heile kysten, det er god lønsemd i flåten og dermed eit godt levebrød for mannskapet og deira familier. Og dei er framleis kystens folk. Det er ei suksesshistorie.
I debatten om kvotemeldinga blir denne politikken sett i spel med forslag som i alle fall inneber kursendring i forhold til den stabiliteten i kvotefordeling mellom flåtegruppene som no har vart i fleire tiår. Og som har lagt grunnlaget for suksessen. Med historia i ryggmargen er det faktisk ikkje lett å forstå at denne politikken har skapt urett mot kystens folk. Tvert om har det vore grunnlaget for vidare eksistens.
Norges Fiskarlag har meisla ut avgjerande kompromiss om kvotefordeling mellom flåtegrupper. Regjeringer med vekslande farge har gitt si tilslutning og forma desse kompromissa til politikk.
Og resultatet: Verdien av fangsten til norske fiskefartøy er tredobla sidan årtusenskiftet!
Salslaga er til for alle fiskarar. Om dei vinn eller taper i kvotedebatten, er det framleis slik. Når alle leiande organisasjoner i næringa både på sjø og land er tydelege på kravet om stabilitet, tenkjer eg likevel det må vere nokså ufarleg for meg som dagleg leiar i Surofi å vere enig med alle desse.
For det gjeld oss (også), i Ålesund, på Møre og på Vestlandet. Møre og Romsdal er framleis landets største fiskerifylke målt etter heimfylke til flåten, og nest størst målt i sysselsetting. Målt i andel sysselsette i privat næringsliv er fiskerinæringa like viktig for Møre og Romsdal som for Nordland, og nesten like viktig som i Troms og Finnmark. Inga kommune i Norge har fleire fiskarar enn Ålesund. I fjor vart det landa om lag 400 000 tonn villfanga fisk i Møre og Romsdal til ein verdi av 6,5 mrd. kr., i verdi likt fordelt på pelagisk fisk og kvitfisk. Som råstoff gir dette i tillegg store verdiar og eksportinntekter for sjømatindustrien på land.
Kvotemeldinga inneheld også eit kapittel om sjømatindustrien, med hovedvekt på forslaga frå bearbeidingsutvalget. Dette utvalget la fram si innstilling for to år sidan og la fram nokre forslag som gjeld kvotesystemet. I tillegg tek kvotemeldinga for seg dei forslaga i bearbeidingsutvalget si innstilling som gjeld fiskesalgslaga og førstehandsomsetninga. Det er grunn til å rose departementet for det arbeidet som er gjort for å avklare desse forslaga. Salslaga har fått oppmoding om å auke andelen av sei og torsk under auksjonsplikta ut over 50 % og til å gjere styra meir representative og inkludere ei større breidde av kompetanse. Desse spørsmåla vil Surofi vurdere i tida framover basert mellom anna på ein gjennomgang på årsmøtet i 2024.
Sveinung Flem